Stockholmsyndromet

Eg har etterlyst fleire romvensen i norsk litteratur. Og som eg lova, har eg gjort noko med saka.

Stockholmsyndromet er ein roman om to sjelevenner frå kvar sin kant av universet: Adjunkten Helene Alsterqvist kjenner seg fanga i ein meiningslaus kvardag, og opplever det mest som ei velsigning då ho blir bortført av eit romvesen – planten Mju som har flykta frå det gamle livet sitt på ein komet der meininga med livet er å leike med organiske karusellar.

Gro Jørstad Nilsen har lese boka for Bergens Tidende:

Smart og spinnvilt [...] Den spinnville og fullstendig usannsynlige historien i «Stockholmsyndromet», kan også leses som livlig harselas med en mengde språkteoretiske begreper. Vi får stadig høre om språket og «meiningsløysa», at «språk språkar», og lignende poststrukturalistiske fraser som får språkvitenskap til å fremstå som temmelig full av floskler. Det er intelligent gjennomført

Odd W. Surén har lese boka for Dag og tid:

Den fremste kvaliteten ved boka er orginaliteten, sjølv om Berge no og då minner om andre unge, norske forfattarar i dag, som Olav Øyehaug, Øyvind Aadland og Cesilie Holck. Berge er ikkje bunden av konvensjonane for romanskriving, her ligg elementa føre i ein forsfriskande salatstil der dei moglege ingrediensane er tallause, men samla kan ein sjå romanen som eit uttrykk for eit menneskeleg dilemma: Verda er ubegripeleg, men språket insisterer på definisjon, og mennesket er eit språkvesen som nyttar ord til å tolka eksistensen. Tolkinga er dikting, dikting er språk, og språket byggjer sivilisasjonar og øydelegg individ, ikkje minst med abstraksjonar og omgrep. Livet er med andre ord tragisk, men det er nett det som gjer det så komisk, også hjå Atle Berge.

Les meir om og bla i boka på samlaget.no og kjøp på f. eks. haugenbok.no eller tanum.no. Ebok-versjon finn du i iTunes (for iPhone og iPad) og hos Norli og Libris.

Omslaget er laga av Øystein Vidnes.

14/03, 2012

Har lukka kommentarfeltet til denne posten pga. for mange tilbod om luksusprodukt til ein veldig billig penge, men kom gjerne med tilbakemeldingar via kontakt-knappen i menyen over!