Thomas Bernhard var positiv

Bernhard

Kvar gong det kjem ut ein ny Thomas Bernhard-tekst på norsk, gjenntek kritikarane kor negativ den austerriske forfattaren alltid skreiv. Spesielt kor mykje dritt han slengde mot heimlandet. Eg har endeleg fått summa meg til å lese Bernhard, og meiner Bernhard først og fremst er positiv.

Her kjem ei liste over kor positiv Bernhard framstår i Utslettelse (norsk 1986):

utslettelse

1. Gambetti
Første del av Utslettelse er i stor grad bygd opp av sitat eg-forteljaren har sagt til eleven sin, Gambetti. Desse utsegnene er stort sett utskjellingar av Austerrike og det katolsk-nazistiske lynnet forteljaren meiner øydelegg landet, men skildrar samstundes eit svært positivt mellommenneskeleg forhold: Lesaren får oppleve kor mykje eit slikt forhold kan bety for nokon som kjenner seg framand heime.

2. Gartnerane
På Wolfsegg, slottet der hovudpersonen vaks opp, er det ifølge boka to typar menneske: Jegarar og gartnarar. Bernhard/forteljaren beundrar gartnarane like mykje som han skriv hatefullt om jegarane. Kvifor blir det så sjeldan nemnd?

3. Utsikta frå soveromsvindauget
Ei bilulykke er utgangspunktet for Utslettelse. Foreldra og broren til forteljaren døyr. I ei scene står han i soveromsvindauget og ser utover hagen med gjestene som har kome for å ta farvell. Det ser ut som ein fest, tenkjer han, og konkluderer med at det er eit vakkert bilete.

4. Skrivinga
Eit menenske/ein romanperson som bruker så mykje krefter på å hate, som skriv mange hundre sider, vil noko, har ikkje resignert. Det ligg ei sterk vilje til endring i romanen. Det kjem spesielt til uttrykk på siste side*, men også i planane hovudpersonen legg for å endre Barnevillaen på Wolfsegg.

Til skrivinga høyrer også overdrivingane med. Bernhard er svært positiv til overdrivingar, og lar hovudpersonen karakterisere seg sjølv som ein «overdrivelseskunstner».

*Siste side
Utslettelse endar med at hovudpersonen gir vekk slottet Wolfsegg til det mosasiske trussamfunnet. Ei meir perfekt rasering av det katolsk-nazistiske lynnet er vel vanskeleg å tenke seg.

29/12, 2013

Har lukka kommentarfeltet til denne posten pga. for mange tilbod om luksusprodukt til ein veldig billig penge, men kom gjerne med tilbakemeldingar via kontakt-knappen i menyen over!