Kva er det med sjakk, og kvifor sluttar folk å leike når dei blir vaksne?

sjakk
Eg har gjort to nye intervju i serien der eg på vegne av magasinett.no og framtida.no stiller dei mindre viktige spørsmåla om kva det er å vere menneske. Spørsmåla til Harald Bonaventura Borchgrevink om sjakk finn du på magasinett.no, medan du kan lese intervjuet eg gjorde med 4. klasse ved Valen og Malmanger skule her:

– Kvifor sluttar folk å leike når dei blir vaksne, ungar?

– Dei vaksne blir fort slitne og har alltid veldig vondt i ryggen. Dei orkar til dømes ikkje å hoppe på trampoline. Dessutan er dei veldig dårlege taparar. Og så er dei redde for at nokon skal kalle dei barnslege.

– Trur de at dei vaksne eigentleg har lyst til å leike?

– Ja, men dei har ikkje tid. Dei har så mange ting dei må ta seg av. Dei må sjå på TV og lese avisa og vere på Facebook. Og så er dei alltid opptatt med å kysse. Eller drikke kaffi.

– Kva leikar trur de dei vaksne ville leika dersom dei leika?

– Kaffileiken! Eller kvileleiken, kanskje? Mest sannsynleg ville dei nok helst leika gjømsel, og så ville dei gjømt seg så godt at ingen fann dei. Då kunne dei kvile middag, eller drikke kaffi.

– Er dei verkeleg alltid opptatt med å kvile og drikke kaffi?

– Ja, og å skrive på mobilen. Dei seier at dei skal kvile middag, men så ligg dei berre vaken på sofaen og ser på mobiltelefonen. Og når vi speler fotballkamp står alltid foreldra våre og sjekkar Facebook på sidelinja. Dei ser aldri på kampen.

– Dette høyrest verkeleg ikkje bra ut. Trur de verda ville vore ein betre stad dersom vaksne leika meir?

– JA! Då hadde dei vore opptatt med å leika i staden for å kriga og kjefta på kvarandre.

– Nettopp.

– Eller … Det kan jo vere dei berre hadde begynt å sloss om kven som skulle sitte på slengdissa?

– Ja.

– Det gjer i alle fall vi.

– Men du … Det er ikkje sant at dei vaksne aldri leikar. Dei leiker berre med andre ting. Bilane sine for eksempel. Vi leikar med små bilar. Dei store leikar med store bilar.

15/11, 2013

Har lukka kommentarfeltet til denne posten pga. for mange tilbod om luksusprodukt til ein veldig billig penge, men kom gjerne med tilbakemeldingar via kontakt-knappen i menyen over!