Bokjakt: Bøker om litteratur

Salong

Frå omslaget til Litterær salong av Brit Bildøen.

Eg er på jakt etter bøker om litteratur, ikkje How to write a novel in ten minutes, men likevel bøker med ein klar idé om korleis god litteratur skal vere, bøker som Amerikanske forelesninger av Italo Calvino, Litterær salong av Brit Bildøen, Jan Kjærstad sine essay, How Fiction Works av James Wood, Romankunsten av Milan Kundera, Loven vest for Pecos av Kjartan Fløgstad, eller Konstruksjon og inderlighet av Trude Marstein.

Alle desse bøkene har vore viktige for meg, og i det siste har det gått for lang tid mellom kvar gong eg finn fram til liknande tekstar, så derfor roper eg ut i det digitale mørket:

Kan nokon hjelpe meg?

Ps. Måtte stenge kommentarfeltet 14. desember grunna enorme mengder søppelpost. Har du fleire lesetips, kan du kommentere under litteraturomlitteraturlista.

25/11, 2013

12 kommentarar

  1. Bra spørsmål! Jeg holder jo Hjemmelekser av Pedro Carmona-Alvarez høyt, og det samme med Gunnhild Øyehaug sin Stol og ekstase. Olaug Nilsen sin Hybrideleg sjølvgransking er fin, og for å holde oss ved Skrivekunstakademiet: Sjekk ut Øyvind Rimbereid sin Hvorfor ensomt leve og Tormod Haugland sin Orm, ugla og and. Ragnar Hovland ga også ut ei essaysamling ganske nylig, Kunsten å komme heim, og ikke glem Georg Johannsen sine Norske tenke- / skrivemåter. Jan Erik Volds Entusiastiske essays, Dag Solstads Artikler om litteratur, Jon Fosses Essays. Tor Eystein Øverås skriver også godt og interessant, sjekk I dette landskap – jeg leser for tiden Geir Gulliksens nye Kan vi gjøre det igjen, mye fint der også. Karl Ove Knausgårds Sjelens Amerika? Den står på ønskelista til jul. Tar også med Susanne Christensens Den ulne avantgarde. Og hva med Ole Robert Sunde? Jeg er et vilt begrep er bra!

  2. Tusen takk for raskt svar! Johannesen, Solstad, Christensen, Fosse, Haugland og Hovland er lest, men her er jo så mange forslag at det likevel er nok igjen å ta tak i. Eg visste ikkje at Rimbereid har skrive essay. Spennande!

    Berre å komme med fleire.

  3. Eg vil nemna klassikaren «The Life of Poetry» av Muriel Rukeyser, «Writing Down the Bones» av Natalie Goldberg, som òg har skrive oppfølgjaren «Bird by Bird» om same temaet. «Å våga seg ut i ord» redigert av Maria Børja og meg, samt «Poetry in the Making» av Ted Hughes. «Zen in the Art of Writing» av Ray Bradbury og Per Petterson; «Månen over porten». «Del af labyrinten» av Inger Christensen og «Mit lys brænder» og «En dans på gloser» av Søren Ulrik Thomsen.

  4. Hei, Helge! Kjekt du stakk innom. Ray Bradbury og Inger Christensen sine bøker må jo vere gode. Bra du minna meg på «Månen over porten». Den er fin!

    Når det gjeld Goldberg har eg lese «Wild Mind: Living the Writer’s Life». Fleire fine skriveoppgåver, men totalkonseptet vart vel kanskje litt flygande for min del.

    Blir ei lang leseliste dette her.

  5. Limer også inn nokre tips frå Twitter, så veit eg kor eg har dei. Tusen takk til @Ebeda og @madamknipe:

    Frå @Ebeda:
    A User’s Guide to the Millennium av J.G. Ballard.
    Egil Skallagrimsson og fjernsynet av Halldór Laxness.
    Skrifter av Karin Moe.
    Vinternotater av Henning Hagerup.
    Strange Things av Margaret Atwood.
    Och jag var länge död av Staffan Söderblom.

    Frå @madamknipe:
    Seks fot under – Et essay om Hans Herbjørnsruds forfatterskap av Kaja Schjerven Mollerin.
    Tilværelsens utlendinger: Herman Willis i samtale med Dag Solstad og Kjartan Fløgstad.
    På fest hos litteraturen, Tore Renberg.
    Kritikk 2006 -2009, Tor E. Øverås.
    Litteraturens norske nullpunkt: Syv pamfletter om norsk sakprosa, Georg Johannesen.

  6. H PRESS sin Imperativ-serie: Hvorfor skrive hva hvordan: Hpress.no

    Rimbereid skriv god essaystikk!

    Christensens andre essay-samling Hemmelighedstilstanden handler også om å skriva. Eg stiller meg open til kor vidt du vil lika hennar essay, men det har jo vore/er veldig viktige bøker for meg og I.

    Kurt Vonnegut & Lee Stringer: A conversation about writing – Like shaking hands with God (denne kan du låna av meg når du kjem)

    Om du følgjer opp H.T. sine tips blir du kanskje poet til slutt, er vel på tide. Apropos poesi, lese Mocking bird wish me luck av Bukowski, du? Om du heller vil LESA og LEVA og SKRIVA og DRIKKA enn å lesa om å skriva, då.

  7. Har ikkje lese ei einaste linje Bukowski-poesi, men det står høgt oppe på leselista etter at eg snakka med ein som elska Bukowski, men ikkje hadde lese ei linje prosa.

    Vonnegut må eg jo lesa. Kjøpte «The Last Interview» (med Vonnegut) for ikkje så lenge sidan. Blei litt skuffa av den, men vil absolutt låna «Like shaking hands with God»!

    Eg ser forresten ikkje noko motsetning mellom å lesa, leva, skriva og drikka og å lesa om litteratur. T.d. kan mange av «dei litterære dydene» i Calvino-boka «Amerikanske forelesninger» lett overførast til nettopp leving og drikking: Letthet, Hurtighet, Nøyaktighet, Synlighet og Mangfold.

    Snakkast!

  8. Ingen motsetnad, men ein skilnad! Dermed basta. Snakkas!

  9. Halloen!
    Her kjem ei lissepasning frå den populærkulturelle kantspelaren: Stephen King: On writing og Dance Macabre. Må bli skåring! ;-)
    Forøvrig er eg snart ferdig med Kristain Klausen sin nye Mitt liv var et hett bibliotek. Om ein ser vekk frå ein del usannsynlege ting om både bibliotek- og politiarbeid, er det ei god bok om bøker som eg aldri kunne tenkje meg å lese. Medan eg er inne på nett det, så likte eg også Vestens litterære kanon av Harold Bloom. Jaggu gjorde eg det, sjølv om han er ein grinebitersk kulturpessimist som ikkje forstår verken King eller Harry Potter. Men skrive om Shakespeare, det kan han! Det skal han ha!

    TCB
    Stig Elvis

  10. Ei populærkulturell lissepassning kan nok absolutt vere på sin plass, Elvis.

    On writing har eg lest. Grei, men svært konkret om eg hugsar rett (td. ikkje bruk adjektiv).

    Har ikkje noko imot grinete kulturpessimistar, så Bloom er ei god påminning. Det samme med Klausen. Tenkt på å lese han lenge, på tide å gjere noko med det!

  11. Eg ser at fleire bøker frå det eminente vesle forlaget Autor har blitt nevnt allereie, og legg til: Avståndsmätning av Marie Silkeberg. Om døden og kjærleiken i ny svensk poesi, om Inger Christensen og Munch og Karin Boye etc. Virginia Woolf! Essay og dagbøker. Kathy Acker! F eks her.
    Dagbøkene til Lars Norén.

  12. Takk, takk, Ingrid! Acker-teksten er bra! Merkeleg at ingen har nemnd Woolf før no. Når vi er inne på dagbøker, duger vel Joyce C. Oates sine også?